Forskrifter om jakt for Henjadalen sameige i Leikanger herad, Sogn og Fjordane

 

I medhald av lov av 14. desember 1951 om viltstell jakt og fangst §14, jfr kgl.res. av 24. september 1965 har Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk 17. juli 1981 ved forskrift fastsatt desse jaktreglane for Henjadalen sameige i Leikanger herad, Sogn og Fjordane.

 

 

§1

Henjadalen sameige utgjer alt utmarksareal tilhøyrande gardane Nybø, Henjum, Røysum og Holen både i dalen og på tilstøytande fjellstrekningar.

Jakt og fangst i dette sameige skal leiast av eit styre på 3 medlemmar.

Medlemmar og 3 varamedlemmar til styret skal veljast for 2 år av og blant personar som formelt har jaktrett i sameiga. Styret vel sjøl formann og andre tillitsmenn for 1 år. Den som har sete i styret i ein periode, kan kreve seg friteken for attval neste periode.

For at styrevedtak skal vera gyldig, må det ha støtte frå minst halparten av styremedlemmane. Ved likt røystetal gjer formannen si stemme utslaget..

 

§2

Styret skal arbeida med det målet å auka både det sportslege og det økonomiske utbytte av jakta gjennom eit framtidsretta viltstell.

Styret skal vidare leggja tilhøva tilrette for at jakta skal skal kunna drivast av flest mogeleg, innan rimelege grenser. Dette kan gjerast gjennom samarbeid utover sameiga sine grenser. (Småviltjakta vert for tida leia av grunneigarlaget i bygda.)

Styret skal sjå etter at jakt og fangst i sameiga til kvar tid vert utøvd på ein måte som tek omsyn til viltarten, at jakta vert drive i samsvar med god jegerskikk, og at jaktlova og jaktreglane vert følgde.

Brot på desse skal meldast til politiet etter vedtak i styret.

 

§3

Jakt i sameiga skal utøvast etter styret sine vedtak, i samsvar med lov, fastlagde reglar og årsmøtet sine retningslinjer.

Styret søkjer om fellingsløyve for storvilt og utferdar jaktkort etter søknad.

Personar som har jaktrett i samsvar med jaktlova, og deira nære familie, skal ha rett framom andre søkjarar.

Prisar på jaktkort skal fastsetjast av styret etter retningslinjer frå årsmøte/fellesmøte.

Jaktkortet skal utferdast på namn og skal ikke leverast ut før søkjaren har vist fram attest om godkjendt skyteprøve og kvittering for betalte avgifter.

Eventuelle atterhald i utøvinga av jakta kan setjast av styret, og skal stå skrive på jaktkortet.

Styret avgjer om det skal vera høve til å ta med andre på storviltjakt enn dei som har løyst kort.

Ingen har høve til å driva jakt eller fangst i sameiga utan gjeldande jaktkort, bortsett frå jakt etter rovvilt som etter lov ikkje er freda.

Kort/løyve kan ikkje lånast bort.

Kortet saman med kvittering for betalt vilttrygdavgift og eventuelle andre avgifter skal jegeren bera med seg under jakta og visa fram om det blir kravt.

Den som får høve til å driva jakt eller fangst i sameiga, pliktar å gi styret oppgåve over fellt og fanga vilt, og vidare melda frå om eventuell ulovleg jakt i sameiga.

 

 

 

§ 4

Styret skal føra rekneskap som skal leggjast fram til godkjenning på årsmøtet.

Formann og sekretær bind sameiga økonomisk.

Inntekt ved sal av jaktkort m.m.kan brukast til tiltak som fremjar viltet i sameiga, eventuelt etter retningslinjer frå årsmøtet.

Til dekning av eventuelt underskot kan årsmøtet likna ut turvanda sum på grunneigarane (jaktrettshavarane) i høve til skyld så lenge ikkje anna delingstall ligg føre.

Overskot skal nyttast etter årsmøtevedtak til beste for sameiga, eller andre fellestiltak, etter at det først er sett av til eit rimeleg fond for å møta periodat som måtte gi underskot.

 

§5

Årsmøte skal haldst minst ein gong annakvart år, innan utgangen av februar månad, eller når det vert gjort krav om det av minst halvparten av jaktrettshavarane eller dei som utgjer minst halvparten av rettame i sameiga, rekna etter §4, 3.avsnitt, eller om styret finn det turvande. Fellesmøte (årsmøte) skal kallast saman av formann i styret med minst 14 dagars varsel med kunngjering i lokalavis og ved oppslag.

Fellesmøta (årsmøta) er sameiga sitt høgste organ. Ved val og røysting på fellesmøta vert røystene rekna etter den skyld vedkommande har i sameiga, jfr. §4, 3.avsnitt. Ved likt røystetall vert møteleiaren si røyst avgjerande. Møtleiar skal veljast av fellesmøte for kvart møte.

 

§6

Desse reglane vert gjort gjeldande straks.

Brot på reglane sin §3, 4. avsnitt om krav for å kunna driva jakt og om oppgåveplikt, kan føra til straff og inndraging, og å bli nekta å driva jakt og fangst i framtida i sameiga jfr § 62 i jaktlova.