.
femner om gardane 16- Nybø, 17- Henjum, 18- Røysum og
19- Holen.
Det er mange gardsbruk i grendi og mange av husi ligg tett i tett i ei klyngje -
HENJATUNET -, slik det var vanleg på dei fleste store gardar tidlegare.
Den fremste stadnamngranskaren i Noreg, Oluf Rygh, meiner at namnet Henjum
opphaveleg har lydd Heinvinjar, og at dette var ei samansetjing av to
gamalnorske ord; hein, som tyder brynestein, og vin som tyder beite eller
grasland. Etter dette skulle tydinga av namnet Henjum vera klart nok. Dette var
beitemarkene der dei fann brynesteinar.
All utmark som høyrer til Henjagrendi er felles utmark som ligg framom utgarden som går frå Heimagrindi i Henjadalen og slyngjer seg nord- og vestover og sluttar i grensa mot Prestadalene rett under Kleppa.
Til å admistrera felleseiga, har grunneigarane valgt eit
styre med 3 personar. Styret skal ivareta felles interesser i sameiga, bl.a.
Henjadalsvegen.
Hjortejakta vert admistrert av eit eige lag, Henjadalen Sameige, og småviltjakta
av Systrond Grunneigarlag.
Formann for styret i Henjagrendi er Runar Stadheim, tlf. 951 46 661
Kart over heimateigane og utskiftningsprotokoll som bl.a inneheld all gjerdeplikt på innmark og utgarden mot "den felles utmark" er oppbevart i Tambergarden hjå Ivar O. Henjum.